Vorrå, Karmøy · 2026

Huskonsertfestivalen på Vorrå

27.–29. november 2026

Ein festival for heile familien, arrangert av lokale musikantar.

Første konsert om 24 dagar, 9 timar og 44 minutt.

fredag 27. november kl. 19:00 · Ein musikalkonsert om alt som ikkje lèt seg kontrollere

Velkomen

Døra står open

Vorrå Huskonsertfestival er ein lokal musikkfestival på Vorrå-feltet på Karmøy, som blir arrangert 27.–29. november i haust.

Festivalen har vore arrangert tre gonger før, til stor begeistring for naboar og tilreisande til Vorrå.

I år blir det konsertar i private heimar med lokale og tilreisande musikarar, og kunstkaffi i naustet ved Vorråstranda – alt i haustmørkret si eiga stemning.

Hjarteleg velkomen!

Program

Tre dagar, fem arrangement

Konsertane blir haldne i private heimar og naust på Vorrå. Trykk på ein konsert for meir om han og for å reservere billettar.

Heile programmet i kalenderen — oppdaterer seg sjølv

Fredag27. november2 arrangement

Laurdag28. november2 arrangement

Sundag29. november1 arrangement

VorråvegenLiarvegenVorråstrandaStore LyngholmLyngholmaneNautanesLitle Lyngholm28 moh.1Vorråvegen 272Liarvegen 36B3Liarvegen 534Naustet ved VorråstrandaN
Frå stove til stove — alle scenane ligg innanfor ca. 450 meter. Gå mellom konsertane!Kart: © OpenStreetMap-bidragsytarar · høgd, djupn og stadnamn: © Kartverket
  1. Vorråvegen 27

    fredag 19:00

    Vegbeskriving
  2. Vegbeskriving
  3. Liarvegen 53

    laurdag 18:00

    Vegbeskriving
  4. Naustet ved Vorråstranda

    sundag 13:00–16:00

Billettar

Slik får du plass

Plassane er få — det er trass alt nokon si stove. Reserver på førehand, så står stolen klar.

Pris

Kvar konsert har sin eigen pris — sjå konsertane i programmet. Prisen er etter evne: vel sjølv den som passar for deg.

  • Generøs 300 kr
  • Ordinær 200 kr
  • Lavpris 100 kr

Barn fram til 12 år går gratis — men treng òg ein reservert plass.

  1. 1Vel konsert

    Trykk på ein konsert i programmet og reserver plass til alle som skal vere med.

  2. 2Betal med Vipps — eller i døra

    Betal med Vipps med ein gong, eller med Vipps eller kontant i døra før konserten startar.

  3. 3Kom inn og finn ein stol

    Vis billetten når du kjem. Kan du ikkje kome likevel? Gi beskjed, så får du pengane tilbake.

Les heile vilkåra for kjøp.

Hjelp

Treng du hjelp?

Kontakt Arne Skorpe Sjøen for hjelp med reservasjon av billettar — på telefon eller e-post.