Programmet

fredag 27. november

Ein musikalkonsert om alt som ikkje lèt seg kontrollere

Gudrun Skorpe Sjøen

  • Kl.
  • Kvar Liv Olen og Gunnar — Vorråvegen 27
  • Ledig utseld

Utseld

Ein musikalkonsert om alt som ikkje lèt seg kontrollere

Velkomen til «Ein musikalkonsert om alt som ikkje lèt seg kontrollere», framført av musikalartist Gudrun Skorpe Sjøen.

Kva skjer med oss når vi står overfor situasjonar i livet vi ikkje har kontroll over, verken rundt oss eller i oss sjølve? Gjennom personlege historier og presentasjon av konteksten til songane tek Gudrun publikum med på ei reise gjennom songar og karakterar frå ulike musikalar.

Gudrun bur i Oslo, men tek turen heim til Vorrå for å dele ein smakebit av musikalverda, og alt ho rommar!

(Dei fleste songane blir framførte på engelsk.)

Kvar

VorråvegenLiarvegenVorråstrandaStore LyngholmLyngholmaneNautanesLitle Lyngholm28 moh.1Vorråvegen 27N
Frå stove til stove — konsertane ligg ein kort spasertur frå kvarandre.Kart: © OpenStreetMap-bidragsytarar · høgd, djupn og stadnamn: © Kartverket
  1. Vorråvegen 27

    fredag 19:00

    Vegbeskriving