Sals- og avbestillingsvilkår
Generelt
- Vorrå Huskonsertfestival blir arrangert 27.–29. november 2026 på Vorrå-feltet på Karmøy.
- Arrangør: Vorrå Huskonsert Festival (org.nr 937 219 113), Hasselvegen 6, 4265 Håvik
- Konsertane blir gjennomførte i private heimar og naust. Talet på plassar per konsert er avgrensa.
Prisar
- Kvar konsert har eigne billettar. Prisen for kvar billettype står på konsertsida og i kassa før du betaler. Alle prisar er i norske kroner.
- Prisane er etter evne: vel sjølv mellom Generøs, Ordinær og Lavpris, den som passar for deg.
- Barn (12 år og under) går gratis, men treng òg ein reservert plass.
Bestilling og betaling
- Billettar blir bestilte på huskonsertfestivalen.no med ein innlogga brukar. Billettane du vel, held av plassen din med ein gong.
- I kassa vel du om du vil betale no med Vipps, eller betale i døra med Vipps eller kontant før konserten startar.
- Betaler du med Vipps, blir beløpet trekt når du godkjenner betalinga i Vipps-appen. Då er billettane betalte.
- Nettsida lagrar ingen kort- eller kontoopplysningar. Betalinga blir handtert av Vipps.
Avbestilling og refusjon
- Ein billett du ikkje har betalt enno, kan du fjerne sjølv i kassa. Då blir plassen ledig for andre.
- Vil du avbestille ein betalt billett, gi beskjed til arrangøren på telefon eller e-post (sjå Kontakt).
- Alle avbestillingar blir refunderte i sin heilskap, same når avbestillinga skjer.
- Betalingar med Vipps blir refunderte til den same Vipps-kontoen. Det kan ta nokre dagar før pengane er tilbake.
- Du kan òg overlate plassen din til ein annan. Gi beskjed til arrangøren om kven som tek over.
- Dersom ein konsert blir avlyst (til dømes på grunn av sjukdom eller force majeure), blir alle billettmidlar refunderte i sin heilskap.
Angrerett
- Billettar til arrangement på ein bestemt dato har ikkje angrerett (angrerettlova § 22 bokstav m). Du kan likevel avbestille og få pengane tilbake, sjå Avbestilling og refusjon.
Klage
- Er noko gale med billetten, betalinga eller arrangementet, ta kontakt med arrangøren så snart som mogleg på telefon eller e-post (sjå Kontakt).
- Blir vi ikkje einige, kan du klage til Forbrukarrådet (forbrukerradet.no).
Levering og billettering
- Billettane ligg på brukaren din på huskonsertfestivalen.no, med ein QR-kode som blir vist ved innsjekk. QR-koden kan visast på mobil eller skrivast ut. Ingen fysisk billett blir sendt.
Deltaking og ansvar
- Du deltek for eiga rekning og risiko. Konsertane blir haldne i private heimar og naust, og du følgjer instruksjonane frå huseigaren om parkering og tilgang.
- Arrangør og vert svarer ikkje for tap eller skade på person eller eigedom som ikkje skuldast grov aktløyse frå arrangør eller vert.
- Deltakarar som oppfører seg upassande eller er rusa, kan visast bort utan refusjon.
Kontakt
- Vorrå Huskonsert Festival (org.nr 937 219 113), Hasselvegen 6, 4265 Håvik
- Arne Skorpe Sjøen
- Telefon: 411 04 852
- E-post: sjoen90@gmail.com
Vilkåra gjeld alt sal av billettar til Vorrå Huskonsertfestival og blir avgjorde etter norsk lov. Endringar blir varsla på huskonsertfestivalen.no.