Programmet

laurdag 28. november

Arnested

Øystein Folkedal, Morten Georg Gismervik, Andreas Skorpe Sjøen, Tobias Rønnevig, Håkon Huldt-Nystrøm, Arne Skorpe Sjøen

  • Kl.
  • Kvar Berit Johanne og Lars Øystein — Liarvegen 36B
  • Ledig 9 plassar
Arnested

Arnested er eit musikkprosjekt leia av Arne Skorpe Sjøen, der han arrangerer eigne viser for band. Arne har bakgrunn som jazzmusikar og er inspirert av historieforteljing. Han er utdanna trommeslagar og har utvikla ein eklektisk stil der rytme, tekst og musikk flyt over i kvarandre til eit heile. Tydlege melodiar og konsept frå litteraturen blir formidla slik at ein kan kjenne seg heime, samstundes som ein undrar seg over det meste. Slik er Arnestedet.

Til Vorrå huskonsertfestival kjem heile superbandet. Dei skal presentere nytt og gamalt materiale i ein forrykande akustikk, heime i stova til Berit Johanne og Lars Øystein – og kven veit vel kva som vil skje. Det blir release og sal av nytt album (CD), og du er hjarteleg velkomen, anten du bur på Vorrå eller kjem langvegsfrå.

Konserten er støtta av Norsk Jazzforum.

Kvar

VorråvegenLiarvegenVorråstrandaStore LyngholmLyngholmaneNautanesLitle Lyngholm28 moh.1Liarvegen 36BN
Frå stove til stove — konsertane ligg ein kort spasertur frå kvarandre.Kart: © OpenStreetMap-bidragsytarar · høgd, djupn og stadnamn: © Kartverket
  1. Liarvegen 36B

    laurdag 20:00

    Vegbeskriving