sundag 29. november
Kunstkaffi med bilete!
Caroline Sakariassen, Moldviken Kaffibrenneri
- Kl.
- Kvar Naustet ved Vorråstranda
- Inngang berre møt opp
Caroline Sakariassen, f. 1978, er oppvaksen og busett på «Vorrå vest», med mann og to søner, tett på marka, med lyng, myr, mose, skog og ørn. Caroline arbeider som ingeniør, men har måla heilt sidan ho var lita jente. For om lag 15 år sidan byrja ho å måle meir aktivt og ta målarkurs hjå lokale kunstnarar, som Brian Wallace, Bernhard Østebø, Erlend Briggar Larsen og Billy Roy Økland. Ho har i desse åra utforska ulike teknikkar, med ulike material og teikning. Ho arbeider mest med oljemåling, brukar god tid i måleprosessen og er oppteken av varigheit, som ein kontrast til mykje av det flyktige i kulturen elles.
Sundag 29.11. kan ein sjå eit utval av verka hennar på Naustet ved Vorråstranda kl. 13.00–16.00. Det blir servert kaffi frå «Moldviken Kaffibrenneri», og programmet byr òg på biletvising og musikk:
- 13.00: Kunstutstillinga opnar. Kaffi blir brent og servert.
- 14.00–14.30: Oddbjørn og Owen Austevik presenterer ei biletvising.
- 15.30: Rags and Feathers speler.
- 16.00: Avslutning.
Utstillinga og kaffien er gratis.
Kvar
Naustet ved Vorråstranda