Arne Skorpe Sjøen kjem frå Vorrå og er utdanna jazztrommeslagar frå Universitetet i Stavanger. Han spelar trommer i jazztrioen Briotrio, og fekk kulturstipend frå Karmøy kommune i 2021 for arbeidet med musikk, tekstar og soloprosjektet sitt.
Arnested er hans eige prosjekt, der han arrangerer eigne viser for band. Namnet tyder eit «ildsted» – ein stad der noko startar, der ein kan møte seg sjølv og andre. I Arnested står han for vokal, piano og gitar, og i Vorrå Blæs & Slaglag spelar han trommer.
Visste du?
Den nye plata «Rom for rom» voks fram av ei bok der menneske var som hus, «med alle sine rom, nokre fine, andre rotete og låste». Då passar det godt at ho blir sleppt på ein huskonsert, i ei stove på Vorrå.
Konsertar i år
Sist endra av Henry Sjøen torsdag kl. 18:32