Artistane
Vorrå Blæs & Slaglag

Vorrå Blæs & Slaglag

Nabolagsorkesteret på Vorråfeltet – «ikke et korps».

Vorrå Blæs & Slaglag er nabolagsorkesteret på Vorråfeltet. Det heile starta med at skulekorpset i 17. mai-toget ikkje laga nok lyd, så naboane slo seg saman for å skape litt meir liv i toget. Sidan har laget marsjert frå Avaldsnes skule til Olavskyrkja på 17. mai – med blåsarar, trommer og ein melodika.

Dei insisterer sjølve på at dei er «ikke et korps». Musikken er leikne omarrangement av kjende marsjar, skrivne av initiativtakar Berit Johanne Folkedal – i staden for «Gammel jegermarsj» spelar dei «Ny jegermarsj», der store delar går i 7/4. Einaste opptakskrav er at du bur på, eller kjem frå, Vorrå.

Visste du?

Laget har éin fast øvingsdag i året: 14. eller 15. mai, rett før 17. mai. Difor stemmer det nok godt når dei sjølve seier at dei har øvd «minst 20 gonger».

Konsertar i år