Berit Johanne Folkedal
Trompetist, initiativtakar og arrangør i Vorrå Blæs & Slaglag.
Berit Johanne Folkedal er musikar og musikklærar, og initiativtakaren bak Vorrå Blæs & Slaglag. Ho spelar trompet i laget og skriv arrangementa sjølv – det ho kallar «litt tøysemusikk». Utgangspunktet er marsjar og stykke ho jobbar med på skulen, og resultatet kan vere alt frå låtar som går saktare og saktare før dei plutseleg går kjempefort, til blues med mykje improvisasjon.
Saman med Lars Øystein er ho òg vertskap for Arnested-konserten.
Visste du?
Då fleire klaga i Haugesunds Avis på for mange sambatakter i barnetoget, svarte Berit Johanne med å arrangere om «Amanda fra Haugesund» til samba – og laget spelte han i toget same året. «Jeg ville provosere, og protestere, bittelitt», sa ho til Ballade.